onsdag 22. mai 2013

☆ Nye bilder ☆

For ei stund sidan var vi ein tur til Bergen på besøk til søster mi.
Og sjølvsagt klarte eg og pressa inn ein svipptur på Ikea..
Da var jo noke eg bare "måtte ha"..
Hahaha..

Jaja, svipptur og svipptur...
Timane gjekk og handlevogna blei fullare og fullare..
Juhuuu...

Terje: må du virkelig innom på Ikea?
Eg: JA
Terje: Ka e da du skal ha no då?
Eg: Nei, ingenting spesielt, bare litt dill og dall..
Terje: Har du ikkje nok DILL OG DALL frå før??? Da e jo stappa fult overalt!!!
Eg: Skal ha noken bilder..
Terje: GLØM DA, ingen nye hol i veggen..

Hahaha...eg ler...
Typisk...
Altså, vi får vel aldri nok av dill og dall??



Nye bilder blei det, men har ikkje hengt dei på veggen..
Står fint på hylla..


Syns desse er knallfine.
Plakatar innramma i fine bilderammer.
Diggar dei profilerte rammene..
Så er det noko "skjønt" med sommarfuglen og øyenstikkaren..
Likar at sommarfuglen har litt rosa på seg:-D


Sjekk fotografen...
Hahaha..


Jepp, var prikken over i'en desse..
Wihiii...
Sant eg "måtte" ha desse??

Ha ein fin kveld alle:)

post signature

tirsdag 21. mai 2013

☆ Sommar og sol ☆

Hei og hopp alle saman:).

Guri malla så lite blogging det har vore i det siste...
Tida flyr, eg ser jo at sist eg hadde innlegg var for to veker sidan..
Dagane, vekene og helgene fyk avgårde..

Så må eg innrømma at eg har fått litt dilla på Instagram,
syns det er så gøy, så enkelt og så kjapt.
Så utrulig mykje flott inspirasjon her inne,
eg blir heilt mållaus av alle dei flotte bildene eg ser.
Guri malla så flinke alle er:)
Eg må sei tusen takk til alle som vil følga meg på Instagram,
og alle likes og kommentarar eg får på bilda.
Eg blir kjempe glad♥.

Altså, eg er som sagt ikkje noko teknisk vidunder,
men no har eg altså klart og overføra bildene frå telefonen min og inn på dataen.
Hæ???
Imponert??
Hahaha..

Så no tenkte eg at eg skulle visa dåke nokon av bildene eg har på Instagram,
kvaliteten på bildene er sikkert ikkje så bra, men men...

Vi har hatt ei heilt fantastisk pinsehelg,
plutselig var sommaren her..
Heilt herlig...

Årets fyrste frukost ute..
Den følelsen av og kunna stå opp til blå himmel og sol,
og gradestokken visar 16 grader..
Rett og slett herlig..

Finaste blomen eg fekk av kvardagsgleder,
eg likar rosa, skikkelig herlig sommarfarge..


Var ein tur på BoGrønt på lørdag og handla meg litt uteblomar..
Spanske margarittar er favorittblomen min, sjå den nydelige fargen..

Inngangspartiet vårt.
Den "vetle" benken har Ina bygd..
Kul??
To strøk med maling, så passa den jo perfekt her med inngangsdøra..

Mats har laga jordbær smoothie til oss..
Nam..

Altså, her slo vi på stortromma når sommaren fyrst kom..
Hahaha..
Reker til kvelds..

Ååå, kor eg kosar meg når eg kan dilla og dalla...
Pynta på bordet og styra på...
Hahaha...eg må le...

Oppsummering av dei flotte sommardagane..

Eg har meldt meg på Boligpluss sin utfordring denne månaden som er:
"sommerstemning i hjemmet"
Så dette siste bildet her er bidraget mitt.

Kva syns du?
Var bildene bra sjølv om det er mobilbilder?

Ha ein flott tirsdagskveld alle:)


post signature

mandag 6. mai 2013

☆ Oliventre ☆

Eg har ei stund "gnålt" om at eg har lyst på eit oliventre.

Så idag ringte Diana til meg:
" Dei har eit oliventre igjen på Rimi".

Eg hoppa i bilen, og vips var oliventreet på plass hos meg.


149 kroner...
140+9 liksom.
Hahaha..


Rota i skuffer og skap for og finna noke eg kunne ha det oppi.
Og då fant eg denne skjønne potta frå Ikea,
kjøpt for lenge sida.



Passa perfekt oppå skjenken.

MEN:
Det er eit stort problem her,
eg har jo overhode ikkje "grøne fingrar".
Ingen blomar overlever her hos meg.
Så har eg skjønt at oliventre er litt vanskelig og holda??

Kva skal eg gjer med dette for at det skal vara lenge?
Mykje eller lite vatn?

Tips mottas meg takk:)

Velkommen så mykje til nye følgarar, så kjekt♥.

Ha ein fin mandagskveld alle:)


post signature

søndag 5. mai 2013

☆ Du er vakker ☆

"Du er vakker"

Wallstickers med denne teksten er komt på speilet i gangen♥.





Så vil eg sei tusen tusen takk til alle som kikkar innom bloggen min♥.
Igår passerte eg 100.000 sidevisningar♥.
Heilt utrulig,
hadde aldri trudd dette når eg begynte med blogginga.
Det er dåke som motiverar med til og blogga,
og som gjer at eg syns det er kjempe kjekt.

Og igjen tusen takk til alle dåke skjønne lesarane mine♥.

Ha ein herlig søndag alle.
post signature

lørdag 4. mai 2013

☆ Dill og dall ☆

Eg lurer på kvar våren og det fina veret blir av??
Her i Rosendal minnar det meir om haust enn om vår for tida.

Men men, med mykje innetid blir det jo tid til litt "dilling og dalling".



Denne korga kjøpte eg på eit lokalt bruktforum.
Får vel heller aldri nok av korger,
nett som med stjerner...
hahaha..


Eg likar så godt denne kombinasjonen med fargar og dill.



Må og visa Mats sin faste plass her i sofakroken,
og korga hans med hans "dill og dall"..



Eg må le litt,
sjå koss han har satt tingo sine opp?
Hahaha...
Lure på kven han har det etter??
Herlig♥.

Ha ein herlig lørdag alle♥

post signature

fredag 3. mai 2013

☆ Virre virre vapp ☆

Eg er ein virrus...
Hahaha..

Det siste eg "virra" om var om eg skulle ha gardiner i stova,
eller ikkje...??

Prøvde ei stund utan gardiner no etter at eg hadde mala heile stova.
Tenkte at no når det blei mørkare på veggene,
ville stova virka mindre,
og at det då kunne vera greitt utan gardiner...

...men "vanedyr" som eg er klarte eg ikkje og kutta ut gardinene..

Hadde lyst på snøkvite gardiner...
hahaha...ikkje noke sjokk..
Og gardinene fant eg, i ellos..


(Trur dåke eg har lyst på nytt golv..??? Oh yes...hahaha)




Gardinene er heilt enkle, ingenting "spesielt" med dei,
men det var akuratt sånne eg hadde sett for meg.


Syns det er så fint med denne rynkekanten.
Hadde fått ein ide om at eg ikkje ville henga opp dei gamle gardinstengene mine igjen.
Så no heng gardinene på ein spiral.
Funkar heilt greit, billig alternativ til gardinstenger.


For meg er dette prikken over i`en..
Eg diggar gardinduskar,
sjå så skjønt..
Hahaha..

Ha ein herlig fredag alle og god helg:)
post signature

onsdag 1. mai 2013

☆ DIY - Brødfjøl ☆

Igår hadde eg eit DIY prosjekt.

Eg hadde egentlig lurt på om eg skulle "døypa" DIY om til 
DIH - Do It Himself..
Hahaha...
Terje må alltid hjelpa meg med prosjekta mine.

Men igår hadde eg bestemt meg for at dette skulle eg klara heilt sjølv.
Han viste meg litt korleis eg skulle bruka stikksaga,
og jammen klarte eg det..
Wihhiiiii..

Eg blei altså så glad eg,
at eg sprang rundt med brødfjøla...
Eg ler...
Holdt på og overfalla ein kompis av Terje som kom innom,
han fekk ikkje sagt hei eingong før eg gaulte:
"Sjå, sjå kva eg har klart..."
Joda, eg er litt sprø..


Eg har sett sånn brødfjøl på mange bloggar,
og syns dei er så kule.
Forma som ei sky.

Då var det ut i garasjen, finne ei hylleplata som vo hadde liggande,
og vips var eg igong.
Den er jo ikkje så fin som den skikkelige varianten,
men men...den er heimelaga...




Ai ai ai, syns den blei knallkul..
Den ligge framme på bordet,
sånn at eg kan sjå på den heila tido..
Hahaha...

Ha ein fin dag alle:)

post signature